Om romma på Sanden pensjonat: Posted oktober 7, 2016

Off

Vi har fem gjesterom, der alle har eigne bad. Sengene er ferdig oppreidde, og det er handkle på romma. Etter førehandsavtale kan vi tilby dagleg rydding av rommet. Det er trådlaust internett på pensjonatet. Romma kan nyttast som enkelt- eller dubbeltrom, sjå prisar og detaljert informasjon her.

Betaling av rommet skjer ved ankomst; anten kontant, kort (Axept, VISA eller MasterCard) eller Vipps. Romma er vanlegvis klare for innsjekk frå kl 16.00. Vi held i utgangspunktet ei rombestilling fram til kl 18.00 på ankomstdagen, ver difor snill å gje oss beskjed om planlagd ankomst er seinare! Utsjekk innan kl 11.00. Gjester som reiser med hund er òg velkomne til Sanden pensjonat. På rom 1 kan du bestille overnatting med hund som tilleggsteneste.

Sanden pensjonat har eige brannvarslingsanlegg, og er i tillegg kopla opp mot brannvernanlegget for heile verneområdet. Det er rømmingsmoglegheiter frå alle etasjer, så gjer deg kjent med brannrømmingsplanen som finst på ditt rom.

Sanden pensjonat er eit røykfritt overnattingstilbod.